Gulatinget

Lyd Bilder Video 2km - 1t m

Gulatinget er det eldste og største regionale tinget i Noreg. Tinget var i funksjon frå 900 til 1300 e.Kr. Her møtte vikingane og drøfta politiske saker, utforma Noregs eldste bevarte lovsamling Gulatingslova og dømte i sivile saker. Frå 1300 talet vart domstolsfunksjonen til Gulatinget flytta til Bergen, og fortsette som Gulating Lagmannsrett. Den politiske funksjonen til lagtinga er i dag samla i det norske Stortinget. Så då veit du kvifor vår tids politiske forsamling heiter ”TING”. Den historia går tusen år attende i tid, og du står der det heile starta. Parken vart opna 27. august 2005 og er utsmykka med monumental kunst av Bergenskunstnaren Bård Breivik. På denne kulturvandringa får du lære meir om Gulatinget, og korleis livet på tinget kunne arte seg. Løypa er ca. 2 km lang, og tek ca. 1 time å gå. God tur!

Start tur