Marthas Hyllestad
Lyd Bilder Video 2,6km - 1t mBli med på kulturvandring gjennom Hyllestad saman med Martha. Martha vaks opp i Hyllestad rett etter 2. Verdskrig og har budd her mesteparten av livet sitt. Ho viser deg «sitt» Hyllestad og fortel om barndomen sin, om spanande uteleikar, harde slåstkampar mellom gutar og jenter og ein farleg tur opp til Lihesten. Det var ei verd utan fjernsyn, med få bilar og telefonar og med krigen fortsatt friskt i minne. Det var eit liv der borna hadde mykje fridom og ordna seg sjølv, samtidig som dei måtte hjelpe dei vaksne som jobba hardt for å få endane til å møtast. Martha legg vekt på at det ho fortel er hennar versjon av korleis det var på Hyllestad den gongen. Andre har kanskje opplevd det heilt annleis. Løypa er ein rundtur med 8 stopp-punkt og er 2,7 km lang. Vegen er enkel å gå utan store stigningar.