Avslutt tur

4 Grava til Jakob Sande

Jakob Sande døydde i Oslo den 16.mars 1967. Han vart kremert og urna vart seinare sett ned i grava til besteforeldra. Jakob Sande skal sjølv ha sagt: ” Eg har 15 sjukdommar – 9 av dei dødelege.” Jakob sjølv ville at urna skulle plasserast i eit berg på Kobbeskjeret med gravskrift: ”Her hviler Jakob den smukke oppi en syltetøykrukke”. Hartvig Kiran har skrive det som Halldis Moren Vesaas har skildra som ” det diktet som er eit høgdepunkt blant alle venne- og farveldikt i norsk litteratur, det diktet han (Kiran) skreiv, som ei helsing frå Visens Venner, til Jakob Sande da han så brått gjekk bort. Det er eit dikt som kanskje fortel meir om han som skreiv det enn om han det er skrive til.” Her kan du høyre koret ”DeKor” framføre Hartvig Kiran sitt venne- og farveldikt til Jakob Sande: