Avslutt tur

5 Ved Dalselva

Her i frå ser du over til Borgen, dei vesle brune og raude husa ved enden av grassletta rett fram. Her budde i Jakob Sande si tid Daniel Oliver Bornedriusen. Han var av splintætt og livnærte seg og ho Laura og dei 11 ungane som blekksmed og hestegjeldar og innimellom litt frå fattigkassa. Daniel var ein utruleg fargerik forteljar og løgnar, og mange historier lever framleis på folkemunne etter han. Daniel var full av gamle segner og eventyr, forteljingar om huldrer og tunkallar, draugar og attergangerar. Han trudde fullt og fast på det han fortalde. Vi veit at Jakob lytta til Daniel sine historier, og det er blitt sagt at kona til Daniel, ho Laura, kan ha vore modell for Åse fantemor. Her kan du sjå ei dramatisering av diktet ”Åse Fantemor”, frå 1931.