Avslutt tur

7 Vesle Daniel Statuen, Parken

Vesle Daniel er ein sentral person i Sande si dikting. Diktet ”Då Daniel drog ”stod i samlinga Guten og Grenda som kom i 1945. Skulpturen av Vesle Daniel vart avduka 10.august i 2002, og er laga av bilethoggaren Sivert Donali. I avdukingstalen sa Herbjørn Sørebø dette om idèen bak skulpturen: ”Det er tre tankar som ligg til grunn for skulpturen av Vesle Daniel. Skulpturen skal minne oss og kommande generasjonar om eit av dei finaste sjømannsdikta vi har. Den skal også ære alle dei gutane som reiste til sjøs frå bygdene og byane her vest i landet, og samstundes er skulpturen reist til minne om diktaren Jakob Sande.” I Dalstunet har det vore livleg handel i lange tider. Her har det vore fleire bakeri, kafèar og butikkar. Eller krambuer, som det heitte på Jakob Sande si tid. Det var nok mykje spennande og freistande for spesielt dei minste i utstillingsvindauga, slik som Jakob Sande har skildra det så levande i diktet På krambua, frå 1945.