Avslutt tur

6 Kaia

Daniel Oliver Bornedrisusen var som sagt ein skrønemakar av dimensjonar. Ein dag Daniel skulle sigle heim att frå Værlandet rauk det opp til eit forferdeleg styggever: ”På Aldefjorden kom det ein brottsjø og letta båten so høgt at eg ikkje visste kvar eg var. Då tok eg ut nygla, keik ut og såg Alden gjennom nygleholet. Eg tenkte då at eg fekk prøve å krøkje meg attom Kjøsneset og søkje livd, men farten var så stor at sjøen løfte meg over så eg kjende kor furutoppane skrapa under båtkjølen. Båten stogga ikkje før eg hamna i potetåkeren hans Torgeir i Hellevikja. Der sette båten seg fint ned mellom to forer. Han Torgeir og kjerringa stod endåtil og tok poteter. Så seier han Torgeir - Er det du Daniel som kjem i slik fart ? - Ja, det er det, for i dag siglar eg for kone og born, svara eg. Då Daniel fortalde denne historia avslutta han med: - og etter den turen skolv båten i 14 dagar. Men kjerringa, ho Laura, stod og høyrde på: - Nei, no lyg du Daniel, det var tre veker. - He, he, he, det var kanskje det. Jakob Sande har og skrive mange dikt som skildrar sjømannslivet. Eit av dei mest kjente er kanskje ”Daniel Davidson” frå 1945.