Korssund
Lyd Bilder Video 0,13km - 0t 15mKorssund har nok fått namnet sitt etter den 4 meter høge steinkrossen, som vart reist av kong Olav den Heilage om lag år 1030 under kristninga av Noreg. Saman med det smale sundet som ligg rett attmed krossen gav nok namnet seg naturleg. Ved å følgje denne korte kulturvandringsløypa, ca. 130 meter, så kjem du til den majestetiske krossen. På vegen passerer du ei Olavskjelde, ein brønn som ligg litt nordaust for krossen. Den er ca. 2,5 meter i diameter og ca. 5 meter djup.