11 Korseberget
Minnesteinen om kunstmålaren Anders Askevold har eit relieff i støypt bronse som syner ansiktet til Anders. Det er ein kunstnar frå Bergen, Ambrosia Tønnesen, som har laga relieffet. Bautaen vart sett opp i 1934, hundre år etter at Anders vart fødd. Anders Askevold levde det meste av sitt liv andre stader enn i heimbygda, i Bergen, Paris og Düsseldorf. Men gjennom kunsten sin har han presentert landskap, natur og folkeliv i Askvoll og andre norske bygder gjennom ein frisk, levande og truverdig stil. Måleri av Askevold finst ved ei rekkje større galleri og kunstsamlingar over heile Europa. I si samtid hausta han fire gjeve medaljar på utanlandske utstillingar.
Del