Avslutt tur

10 Øyra og Kleivasvingen

Bygda sett frå aust, måla i 1849 av den då 14 år gamle Anders Askevold. Vi ser den gamle kyrkja frå 1604 og prestegarden. Klyngjetunet på Øvre Askevold har han også fått med. Ein artig detalj er mannen (presten) som spaserer på vegen. At Anders kunne male slik berre 14 år gammal, kan vi tenkje oss er forklaringa på at presten Christie såg eit uvanleg talent. Far til presten, tidlegare sekretær for grunnlovsforsamlinga på Eidsvoll og stiftamtmann W.F.K Christie, var fleire gonger på besøk i Askvoll, og Anders budde hjå han medan han gjekk i teiknelære i Bergen.