Avslutt tur

1 Båthamna

Askvoll-bygda sett frå sørvest, måla av Anders Askevold kring 1858. Her kan Anders ha stått då han måla dette biletet for meir enn 150 år sidan. Den gamle kyrkja som vi ser, vart riven i 1859, og ny kyrkje vart bygt på same plassen. Det næraste landskapet er svært forandra etter utbygging dei siste åra. Men vi kan kjenne att åsane, sjøen, fjella og himmelen. Øvst i bakken, bak kyrkja, ser vi Klokkargarden der kunstnaren vart fødd og vaks opp.