Avslutt tur

2 Bøen

«Fra kunstnerens hjem» (1862) er tittelen på dette maleriet. Her budde foreldra til Anders frå ca. 1859 og det var hit Anders Askevold kom på besøk etter at han hadde budd i Bergen og Christiania og fått opplæring i teikning og måling. Han budde her også i periodar. Sommaren 1858 møtte han Cathinka Gran, som var guvernante i Prestegarden i Askvoll. Dei gifte seg i august 1862. Måleriet er signert 20.august 1862. Det er forklaringa på at vi ikkje ser kyrkja i Askvoll på biletet. Kyrkja brann ned etter eit lynnedslag i mars det året, og ny kyrkje kom ikkje opp att før i 1863. Vi ser Klokkargarden og Prestegarden. Far til Anders Askevold, Mons Sørebø, kjøpte denne garden i 1841 av Peter Askevold. Mons kom frå Hyllestad , og tok som skikken var, namn etter garden han kjøpte. Alle borna hans var fødde i Klokkargarden, som var heimen hans før han kjøpte Bøen. Mons var ein evnerik mann. Han var lærar, kyrkjesongar, ordførar og ei tid stortingsmann. Vi kan lese meir om han i boka : «Askevoldslægten og nogle i den ingifte slægter», skriven av Bernt Askevold.