Ausevika

Lyd Bilder Video 0,5km - 0t 20m

Bergbileta i Ausevik vart laga av jeger- og fangstfolk i steinalderen. Dei viser først og fremst ein del av menneska si tru, forestillingar og ritual, og dei var kanskje element i myter og historier. Bergbileta er uttrykk for oppfatninga menneska i steinalderen hadde av verda og deira plass i den. Kva meining har det hatt? Kven har laga bergbileta? Kvifor er dei laga? Dette er nokre av spørsmåla som både arkeologar og folk elles stiller seg. Korleis vi enn tolkar bergbileta i Ausevik, er det eineståande verk utforma av eit forhistorisk samfunn, der jakta på hjort, den rituelle dansen og bruken av symbol har vore sider av same sak. Her - på svaberga i Ausevik - har folk samla seg til rituelle festar og seremoniar for at livet i vidaste forstand skulle sikrast.

Start tur