Avslutt tur

2 Støtta av Prost Dahl

I 2002, ved 150-årsmarkeringa for Niels Griis Alstrup Dahl sin død i 1852, vart det avduka ein bauta over Dahl sitt liv og virke, laga av skulptøren Elisabeth Steen. Dahl kom som kapellan til Eivindvik prestegjeld i 1804 frå Kvinnherad. Han var oppvaksen på Kapteinsgården i Uskedalen. I 1807 vart han sokneprest, og seinare prost i Ytre Sogn. Han vart og den første ordføraren i Gulen, fylkesordførar og stortingsmann for Nordre Bergenshus Amt. Han var på Stortinget i 1814, og var ein av fem som stemte mot unionen med Sverige. Dahl var utdanna i København, og var påverka av dei idèane om fridom og folkeopplysning som rørte seg i Europa etter den franske revolusjonen. Då han kom til Eivindvik, var det dårlege tider. Eivindvik prestegjeld var stort, fattig og tungdrive, og prestegarden var i dårleg stand. På under 50 år fekk Dahl organisert utskifting av jorda i heile prestegjeldet – mange år før ein elles fekk den øydeleggjande teigblandinga ut av jordbruket. Bøndene lærte å drive vekselbruk, gjødsle og stelle jorda.