3 Lovseieberget
Du står no på den vollen der Gulatinget var samla gjennom 400 år. Til tingstaden høyrde eit lovberg, ein stad der lagmannen kunne stå og tale til folket. Lagmannen (på Island kalla “Lovseiemann”) var ein svært viktig person på Gulatinget, han måtte kunne alle lovene på rams, sa fram lovene og styrde tinget. Gulatinget var lovgjevande, dømmande og utøvande makt for heile kysten av Noreg frå 900 – 1300 e.Kr. Lovmennene (lagmenn) samla seg på kvelden før St. Petersmesse som er 29.juni. Gulatinget var det største og eit av dei eldste lagtinga i Noreg, og Gulatingslova er den eldste kjende og bevarte lovsamlinga i Norden. Gulatingslova er den lovboka i Nord-Europa som i størst grad garanterte innbyggjarane rett til sjølvstyre. Lova er utgangspunkt for Magnus Lagabøte si “Landslov”, som vart vedteken på Gulatinget i 1274, og kom til å gjelde for heile landet. Den stod ved lag heilt til Christian V kom med si norsk lov i 1687. Ein kan seie at idèane i Gulatingslova er vidareførde heilt fram til vår noverande Grunnlov. Det er sagt så sterkt som at demokratiet si vogge i Noreg stod i Gulen. Gulatingslova er omsett til dansk, tysk og engelsk. Vil du lære meir om Gulatinget, anbefaler vi deg å gå Kulturvandringsløypa på Tusenårssstaden Gulatinget på Flolid, ca. 4 km frå sentrum.
Del