10 Herresalen
Dahl sette opp «Herresalen» som sin bustad i 1827. Huset er bygd i nyklassisistisk (empire-) stil og var prestebustad fram til 1902. Salen i 2. høgda har vore møtesal for kommunestyret heilt fram til midten på 1980-talet. Prestekaia og steintrappa opp til kyrkja er óg Dahl sitt verk. Herresalen er i dag brukt til folkebibliotek. Dahl sin kamp mot drukkenskapen: Det vart sagt at Dahl kjøpte opp fleire skjenkestadar i prestegjeldet – og la dei ned – for å kome drukkenskapen til livs. På denne tida hadde prestegjeldet 8-10 lovlege rusdrikkutsal. Frå 1816 fekk dessutan alle gardbrukarar rett til å brenne så mykje brennevin dei ville til seg og tenerane sine. Det var difor svært lett å få tak i brennevin. Billeg var det og. Krangel, slagsmål, tjuveri og sedløyse vart vanleg. I 1837 fortel Dahl at dei laut setje vakt både i prestegarden og i kyrkja i Eivindvik preikesundagane, så presten og kyrkjelyden ikkje skulle verte rundstolne. Men først då riksstyret forbaud heimebrenninga ca. 1840-45, såg han frukt av strevet sitt. Det kom vel like mykje av at han då hadde fått skattlagt brennevinsutsala i prestegjeldet så hardt at dei fleste hadde gjeve opp. Verst synst han det var når leiglendingar han hadde hjelpt til å verte sjølveigarar kom i så stor “brennevinsskuld” at dei gjekk frå gard og grunn. Gjestgjevarane fekk tak i mange gardsbruk på den måten. Dahl kalla då og brennevinsutsala for “Satans Kapeller og Pesthuse”. Dahl sitt arbeid for skule og folkehelse: Alt før Dahl si tid var nokre omgangsskular i gang i prestegjeldet, men det heile gjekk på slump, for pengar til lærarløner fanst ikkje. Dahl tok til å halde kurs for lærarane. Nokre kosta han òg skule i opptil fleire år på. Høvelege hus for skulen fanst mest ikkje, så Dahl fekk i gang fleire faste skular. Folkeopplysninga fekk ein mektig framgang i hans tid. Dahl møtte mykje uvilje og motbør i arbeidet sitt for skulen. Folk synst skulen tok borna for mykje bort frå arbeidet heime. Dahl tvang no likevel “Aand av Striile”, som Wergeland uttrykker det i diktet “Eivindvig”. Dahl fekk også vaksinert mest alle mennesker i det veldige prestegjeldet sitt i åra 1805-1810. Det førte til at då det gikk ein hard kopperepedemi på Vestlandet i 1833, var det kun 4 menneske som fekk sjukdomen her. Ein av dei døydde, for han hadde lurt seg unna vaksineringa. To av dei andre hadde smoge unna revaksineringa. Eivindvik var truleg det første prestegjeld i heile Noreg som vart gjennomvaksinert. Det er reint uskjøneleg at han greidde å drive det gjennom. Det laut vel tvang til her og. Dahl og Wergeland: Det var vel ikkje så underleg at sokneborna hans ikkje skjøna storverket hans. I folkeminnet har Dahl helst vorte til ein grisk hardstyrar, trass i at han var ein far utan like for prestegjeldet sitt. Dahl kom frå gode kår, oppvokst i Kapteinsgarden i Rosendal. Han kom til Gulen som ein formuande mann, men døydde fattig og med stor gjeld. Ein av dei som verdsette livsverket hans, var nasjonaldiktaren Henrik Wergeland, som i 1832 vitja Eivindvik. Det var stor aldersforskjell mellom dei to, men likevel fant dei to kvarandre i sitt brennande engasjement for å betre fattige folks kår. Difor vart kvart einaste vers i diktet til Wergeland om Eivindvik ein stor hyllest til den framsynte samfunnsbyggaren og prosten Nils Griis Alstrup Dahl, “Eivindvigens anden Skaber”. Byd, du Sjel! -- Naturen taber. Eivindvigens anden Skaber triner under sin Tropæ: Abildgaardens hvide Fane, mens i Plovens Seiersbane Axet bøier tusind Knæ. Medens svarte Myr forgyldes, Templet -- hør! -- af Toner fyldes. Det er Englevingers Klang, dem han ud af Kofter spiler: Brød af Steen og Aand af Striler Dahl i Eivindvigen tvang.
Del