Avslutt tur

9 Borgstova

Borgstova er det eldste huset innafor området som før var prestegarden i Eivindvik. Huset er frå 15 – 1600-talet. Borgstova har vore nytta til ymse føremål. Huset tente som omklednings- og matrom for tilreisande kyrkjefolk, og var m.a. nytta til konfirmantundervisning. På området rundt stova, som vart kalla Borggarden, var det liv og røre etter gudstenesta på preikesundagane. Der treftest slekt og vener, dei fortalte nytt, og fekk nok også utført ein del ærend. M.a. veit vi at kasseraren i banken, etter avtale på førehand utførde ymse bankforretningar for kundane sine. “Ta med på fyrste preikesundag”, lydde gjerne oppdraget. Det er og fortalt at unggutar fekk “eksersisøvelser” på Borggarden etter gudstenestene.