2 Kvernbit
Trudde du at dette var Sverdet i steinen frå filmen om Merlin? Det er det ikkje. Dette er Kvernbit; sverdet til Kong Håkon den Gode som i følge Snorre var så sterkt at han med det ”kløyvde ein kvernstein inn til auget”. Skulpturen er ei gåve frå Kvernsteinslauget i Hyllestad. Rundt ser ein kvernsteinsemner. Det er ein forbindelse mellom Gulatinget og Kvernsteinsbrota i Hyllestad: Dei to krossane i Eivindvik er laga i granatglimmerskifer, som også kvernsteinane frå Hyllestad vart laga av. Vi veit difor at krossane i Eivindvik er tekne ut i steinbrota i Hyllestad.
Del