Avslutt tur

3 Lovseieberget

Lovseiemannen var ein viktig person på tinget, då lovene var munnleg tradert inntil ein fekk skriftspråk og lova vart «sett i skrå» (nedskrive). Dei eldste fragmenta av Gulatingslova er nedskrive ikkje seinare enn andre halvdel av 1000-talet.Gulatinget var først eit Allting for landskapsområda Sogn, Fjordane og Hordaland, der ”alle frie våpenføre menn” hadde rett til å delta. Seinare, under Håkon den gode vart tinget eit Lagting med representantar frå kvart fylke i Gulatingslagen, dvs. det området Gulatingslova gjaldt. Representasjonsprinsippet i Noreg er difor over tusen år gamalt.