Avslutt tur

10 Amfiet

Gulatinget spelte ei sentral rolle då Noreg vart samla til eitt rike. Kongemakta var lokalisert på Vestlandet i mellomalderen, og det var med utgangspunkt i tingsamlingane at kongen kunne få støtte for ei samling av riket. Tinget var også utgangspunktet for kristninga av Noreg. Gulatinget er opphavet til dei norske styringstradisjonane der representantar for distrikta møttest for å delta i den politiske styringa. Tingsamlingane var difor ein viktig etappe i utviklinga av tradisjonar og verdiar som la grunnlaget for det moderne demokratiet. Arven frå Gulatinget finn vi att i vårt eige Storting, der representantar frå alle kantar av landet framleis sit fylkesvis på tinget. Gulatinget var som institusjon både lovgjevande og dømmande organ. I vår moderne tid er makta delt mellom Storting, Regjering og Domstolane etter maktfordelingsprinsippet. At vi fekk vår første lovsamling, og dermed eit grunnlag for ein rettsstat, er ein arv frå Gulatinget. På bakgrunn av arven frå Gulatinget har det sidan vakse fram eit rettssystem og eit lovverk som sikrar nordmenn grunnleggjande menneskerettar, og fremjar tryggleik og fred for innbyggjarane i landet. No har du fullført Kulturvandringa på Tusenårsstaden. Vi vonar du har hatt glede av turen, og ønskjer deg velkommen til Kulturvandring i Eivindvik der tinget var først. Der vil du sjå dei autentiske krossane frå 900 og 1000 talet, og kan vandre i vikingane sine fotspor. Du vil og lære om den mektige Prost Dahl, og om Henrik Wergeland på turen. God tur vidare!