9 Bocciabane
Det kunne vere nokså mykje folk samla under eit tingsete, opp til 1000 menneske eller meir. Det var ikkje berre dei som møtte på grunn av sakene som vart førde her som kom til tinget. I tillegg til nemndarmenn, sakspartar og vitne, var det mange som kom til tings for å drive handel. Dei bytte til seg bruksting, våpen, prydnadsting og mykje meir. Mange kom også for å gjere avtaler, høyre nytt, eller rett og slett for å koble av. Tingseta har og vore nytta til lysingar av ymse slag og etter kvart vart det også føreteke justeringar av vekter, målekar og lengdemål. Etter at sysselmennene kom heim frå tinget skulle dei stemna ting i eige syssel for å orientere om kva som hadde skjedd på tinget, og føreta målejusteringar m.m Mange av stormennene hadde både tenarar og trælar med seg, og mykje utstyr, ja til og med dyr, og sjølvsagt mat og drikke. Tusenårsstaden Gulatinget skal vere ein stad å samlast, drøfte saker, oppleve kunst og kultur, leike og lære. Det var ikkje berre drøftingar og tvistemål på Gulatinget i mellomalderen, men også marknad, folkefest, spel og leik. Tusenårsstaden Gulatinget er ein moderne tingstad. Her er det og høve til leik og spel frå vår eigen tid. Vikingane hadde fleire spel. Dei hadde terningspel, sjakkspel, og andre brettspel. Dei hadde tevlingar med løft og kast, og målte styrke med kvarandre. I vår tid har vi ulike kulespel ein kan spele på ein slik bane som dette. I sør Europa er det spesielt populært å kaste kuler. ”Petanque”, ”Boulé” og ”Boccia” finn ein gjerne i Italia og Frankrike. Desse spela har etter kvart blitt populære også her fordi alle kan være med å spele. Reglar https://no.wikipedia.org/wiki/Boccia
Del