Avslutt tur

1 Kvernsteinsparken

Eg heiter Martha, og eg er fødd og oppvaksen her på Hyllestad – rett etter 2. verdskrig. Eg har lyst å ta deg med på tur og fortelje deg om «mitt» Hyllestad, slik eg hugsar det frå den tid eg var barn på 1950-talet. Her ser du Kvernsteinsparken med grindbygningar. Det var ein gong Hyllestad sin styggaste plass: Myregjerdet heiter det, og ei myr var det! Eit ingenmannsland! Eg tykte alltid at det var ein skummel plass. Tyskarane hadde hatt sitt hovudkvarter her og ut på 50-talet flytta det nokre familiar hit. Men eg – eg kunne ikkje ha tenkt meg å bu her! Den gongen visste me ikkje noko om kvernstein. Kvernsteinane låg no rundt i skogen, det visste alle, men at det kunne vere noko interessant med dei, det var det ingen som tenkte. Det var mykje seinare, på 90-talet, at ein gjeng med eldsjeler starta det heile. Etter kvart vart eg med på det, eg og. Eg hugsar godt korleis me sette opp det første huset her i Parken, det som er resepsjonen i dag. Det var jo dugnad, alt saman, og det var utruleg artig! Og så må eg berre fortelje om opninga av Parken! Det var nemleg sjølvaste kongen og dronninga som kom for å opne den. Det var i 2002, det. Eg var med i førebuinga til besøket og har aldri før eller seinare opplevd noko liknande. Kvart minutt, nesten kvart sekund av besøket vart panlagt nøye! Dronninga heldt ein fin opningstale og eg hugsar spesielt at ho sa: «Eg har høyrt at det første ordet ungane i Hyllestad lærer, det er granatglimmerskifer.» Litt av eit ord for ungar! Men det stemmer jo det! Granatglimmerskifer er steinen alle kvernsteinane er laga av, så dette må jo alle her få med seg. Parken har vorte til ein fin stad, synest eg. Eg likar å gå tur her og då tenkjer eg ofte: At det går an at det som ein gong var Hyllestad sin styggaste plass no har vorte ein av dei finaste!