Avslutt tur

2 Ved fleirbrukshuset

Her er me i Hyllestad sentrum med skule og butikk, det raude huset er fleirbrukshuset og det kvite huset er Prestegarden. Kyrkja og kommunehuset er rett nedanfor. Når eg var lita så var det ikkje noko sentrum her! Ingen fotballbane, ingen skule, ingen parkeringsplass, ingen butikk. Berre Prestegarden og kyrkja sto her. Og elva rann opa der fotballbana er i dag. Fotballbane eller idrettsanlegg hadde me ikkje den gongen. Me måtte finne på noko sjølv, og det gjorde me! Friidrett var veldig viktig og me bygde oss høgdehoppstativ, laga anlegg for å hoppe tresteg eller lengde og me kasta diskos. Dette var grådig populært! Me hadde idrettslag her på Hyllestad, og det heldt hovudsakleg på med friidrett. Mamma kom frå ein familie som var veldig friidrettsinteressert. I ungdommen var ho særleg flink til å hoppe høgde. Tenk: Som 14-åring ville brørne hennar at ho skulle bli med til eit kretsmesterskap. Dette var ei stor affære og ho gledde seg grådig. Men så fekk ho ikkje lov av faren, han var ein nokså streng mann. Det var ein forferdeleg skuffelse for mamma. Det einaste huset som sto her den gongen var prestegarden og gardshusa som høyrde til. I Prestegarden budde presten og frua hans. Eg hugsar henne godt: Ei flott, blid dame, som var heilt annleis enn kvinnene her. Frua gjekk med øyredobbar og sminka seg! Presten, han likte seg veldig godt på sjøen. Han kasta not, fiska – og gløymde seg ofte heilt vekk frå sine kyrkjelege gjerningar. Det hendte at eit gravfylgje sto klart, men presten kom ikkje, så dei måtte vente på han. Det same kunne skje med brudevigsle… Då presten og frua skulle flytte tilbake til Oslo held dei auksjon i prestegarden, dei skulle ikkje ha med seg møblane og ville selje det meste. Då fekk me ungane komme inn i huset og kunne sjå på alle dei fine tinga dei hadde. Og tenk det: Alt dei ikkje fekk selt vart kasta i elva etterpå! Eg hugsar godt korleis me seinare gjekk på skattejakt i elva. Der fann me masse spennande! Blant anna hugsar eg leppestift og sminkesaker – slikt fanst ikkje i mødrene våre sin beholdning i det heile tatt! Og det låg berre i elva..