8 Ved kyrkja
Her ser du den nye kyrkja som eg fortalde om. Vel – så ny er den ikkje lenger – ho vart bygd i 1880. På kyrkjegarden her ligg det mange som eg kjende. Mamma og pappa ligg her og der hamnar vel eg og ein gong…. Bak kyrkja ser du vårt fantastiske fjell, Lihesten! Åh, Lihesten har me her alle enorm respekt for! Han står mot vest og tek i mot vind og vær. Utan Lihesten ville landskapet her vore heilt annleis. Når eg ser kyrkjegarden med Lihesten bak så må eg tenke på tippoldefaren min, det var ein mann som vart kalla for Rike-Nilsen, for han var veldig rik – og spinnhakkande galen var han og! Han høyrde ikkje på nokon og gjorde alltid akkurat som han ville. Han skrytte alltid av at han ein gong skulle ha det største gravminnet i heile Hyllestad. Alle skulle hugsa han og sjå grav hans! Så ein gong skulle han med båt til Askvoll, litt nord for Hyllestad. I båten var det ei dame med ein baby som skulle til doktoren og så to menn til. Rike-Nilsen vart advara om ikkje å dra fordi det var eit uvær i vente. Men han gjorde som vanleg og brydde seg ikkje om kva andre sa. Han drog likevel. Men ute med Lihesten så kom stormen og tok båten. Alle om bord omkom. 3 lik vart funne i ettertid, men ikkje Rike-Nilsen sitt. Så han fekk faktisk det største gravminnet her i Hyllestad: Sjølvaste Lihesten. I 1936 skjedde det også ei ulykke: Havørnulykka! Eit fly som heitte Havørn krasja rett inni Lihesten, ikkje i denne fjellveggen me ser her, men på baksida. Alle 7 om bord omkom. Det var den første sivile flyulykka i Noreg og difor fekk den mykje oppmerksomheit. Viss du køyrer vidare på vegen mot Lifjorden så kan du besøke minnestøtta. Far min hugsa ulykka veldig godt, han var med i redningsarbeidet. Etterpå fekk han ankeret til flyet, det var nemleg eit sjøfly, derfor hadde det eit anker. Det hang lenge på veggen heime i kjellaren vår. Eg var kanskje 13 år gamal når eg gjekk på Lihesten for første gong. Det var ei påskehelg. Me var ei gruppe med ungdom, gutar og jenter. Ingen vaksne! Det var ein veldig strabasiøs tur! Eg hugsar det så godt, det var veldig vanskeleg å komme seg opp fordi me var ikkje kjende og fann ikkje stien. Og så gjekk me nedatt Nipestien, der går det jo rett ned. Me hadde ikkje tau, så det var kjempefarleg. Gutane hjelpte oss jentene og alt gjekk bra. Når me kom heim var det nesten mørkt… Sidan då har eg jo ofte vore der oppe. Utsikten er heilt fantastisk! Ein gong i året må du opp på Lihesten! Og ta gjerne ein tur ned i fjæra, for det er også ein spennande plass.
Del