Avslutt tur

7 Dampskipskaia

Dette var dampskipskaia, eller Bryggja som me alltid sa. Tre gonger kvar veke kom det båt inn til Hyllestad som bringa og henta ulike varer. Kvar torsdagskveld kom brød frå bakeriet på Salbu litt lenger ute i fjorden. Åh, då lukta det godt! Men ofte kunne det vere lite triveleg når «dampen» kom. Ofte sto det klar dyr som skulle fraktast til slakteriet i Bergen. Det var sauer og oksar og kyr og kalvar. Desse dyra var jo vitskremde og rauta i eitt sett. Bøndene, bondekonene og ungane deira sto der ofte og gret. Det var hjarteskjerande. Så blei dyra heisa om bord i dampen med kran. 4, 5 sauer vart pakka i ein sekk og så heiste ombord. Ein gong gjekk det skikkeleg gale: Ein okse var så livredd at den rett og slett for på sjøen! Den sumde bort til steinbrygga og der fekk dei den oppatt på land. Så oksen kom seg av garde med dampen han også. Viss du ser deg tilbake så ser du Raudhuset, der eg vaks opp. Rett nedanfor huset var samlingsplassen for oss ungane frå lenge før me begynte på skulen. Her er alle buene, nausta, garasje og steinbryggja. Dette var eit eldorado for gøymespel, ballspel, hoppe paradis, gryande friidrett og konkurransar. Gøymespel og liknande leikar var særleg populære haust og vår, når tussmørket kom sigande, og det vart vanskelegare og vanskelegare å sjå kvarandre. Det var stor skilnad når det var flo og når det var fjære. Var det fjære sjø kom me oss under buene, flotte gøymeplassar og rare ting å finne. Så kom floa etter kvart, og alt vart forandra! Men då var det finast å leike med båtane. Når me leika ved sjøen var det alltid vaksne som såg etter oss. Badefjæra for bygda var jo også her. Det var eit yrande badeliv av store og små då som no. Ja, det var eit svært levande område dette her, med plass til utruleg mange aktivitetar. Midt i dette står Langebua som ein bauta i bygda! Langebua er som namnet seier, den lengste bua du ser i vika nedanfor Raudehuset. Det var liksom noke stort og trygt med den. Langebua hadde tidlegare stått lenger ute i øyane og vart brukt i tilknyting til fiskeria der. Også etter at bua vart flytta hit hadde ho funksjonar knytt opp til fiske og sjøliv. Langebua var den næraste bygningen til barndomsheimen min, og var det første som fanga blikket vårt når me såg ut glasa. Her står ho, Langebua, med Lihesten høgreist i bakgrunnen.