2 Skuleplassen
Ei ny lov om skulehusa på landsbygda kom i 1860. Var der fleire enn 30 elevar i skulekrinsen, hadde kommunen plikt til å byggje eit skulehus. Det skulle ha eit stort rom med store vindauge og eit rom til læraren. Det vart oppretta eit skulestyre som skulle ha ansvar for skulehusa i kommunen, og for å få lærarar til undervisninga. Skulehuset i Dale sto ferdig i 1862 og var i bruk fram til 1920. I 1877 vart bestefar til Jakob Sande , Johan Barsnes, lærar. Etter han kom far til Jakob Sande, Andreas Sande. Her gjekk Jakob Sande på skule, med far sin som lærar. Faren var ein allsidig mann. Sto for utbygginga av Hålandsfossen slik at Dale fekk elektrisitet alt i 1919. Han fekk tilnamnet "Lysets fader". Likeeins fekk han bygd folkebad i bygda som alle kunne nytte. Det er det raude huset du ser like ved sida av skulehuset. Jakob var flink på skulen og spesielt flink til å skrive stil. Men til eksamen heldt det på å gå gale. Oppgåva var å skrive om ein hyggeleg dag. Jakob starta stilen slik: “Det var det året det var so djevla turt”. Og so skreiv han om ølbrygging og bryllaup. Soknepresten som var leiar i eksamensnemnda ville stryke han, men dei to andre i nemnda tykte stilen stod til særs godt, og slik vart det.
Del