Avslutt tur

3 Det gamle kommunehuset og bautaen

Her til venstre er det gamle kommunehuset. Det stod ferdig i 1895 og var i bruk til 1978. Norvald Tveit fortel om den gongen Bjørnstjerne Bjørnson var i Dale og vart helsa på rim av Johan Barsnes, bestefar til Jakob Sande: ”Folk møtte fram mannjamnt frå dei øvste dalane til ”de ytterste skjær” for å hylle hovdingen frå Aulestad, og han stod der, fri og sikker og veldig, og fann det såre rimeleg at folk kava og sleit seg fram for å sjå han. Då steig Barsnesen fram, omtrent like sikker som avguden sjøl, og helsa han på vers. - Jeg hører at I har en skald iblant Jer ! sa den store Bjørnstjerne Bjørnson. Dei orda let ikkje slektningane åt Barsnesen gå inn det eine øyra og ut det andre.” Rett fram ser de ei byste som Fjaler kommune fekk reist som ei gåve til Jakob Sande på 60-årsdagen i 1966. Bysta er laga av billedhoggaren Waldemar Dahl. Jakob Sande var sjølv med på avdukinga og var nok stolt over at heimbygda viste ære på han på denne måten. Men samstundes tykte han nok at det var diktverket hans som skulle leve vidare og vere hans bautastein. I den aller siste strofa i det siste diktet i den siste diktsamlinga si, ”Det kveldar på Kobbeskjeret” frå 1961, skriv han: ”Nei ta med ro småsveinar, trø stilt på jord. Eg har reist mine bautasteinar i ord.” Då Jakob Sande fylte 60 år, var det mange fine omtalar i pressa. Av dei fleste gjekk det likevel fram at han no var ein mann som hadde gjort sitt beste. Jakob Sande takk i Dagbladet: ”TAKK. Takk til alle som på ymse vis mintes mitt 60-års forlis. Herren skje takk og pris. Helsing Jakob Sande.”