Buavandring Kalvåg

Lyd Bilder Video 1km - 0t 40m

Bli med på buavandring i Kalvåg. Det historiske sjøhusmiljøet er ikkje berre vakkert å sjå til, men rommar òg mange spanande historiar knytt til framveksten av bygda Kalvåg. På 1860-talet var Kalvåg kanskje det største fiskeværet på kysten, med ei befolkning på oppimot 11000 menneske i den mest hektiske fiskesesongen. Det vaks opp ein tettstad langs med vågen, med salteri, losjihus, forretningar, handelsverksemd og anna busetjing. Løypa har 7 stopp-punkt og er 1 km lang, og tek om lag 40 minutt å gå inkludert formidlinga. Siste stopp er på Kalvøya.

Start tur