Stongfjorden

Lyd Bilder Video 1,1km - 1t 20m

Hjarteleg velkomen til Stongfjorden – bygda som var ein av dei første og viktigaste industristadane i Noreg. Bli med på kulturvandring i Noreg si tidlege industrihistorie. Løypa tek deg med rundt i denne gamle og ærverdige industribygda og viser deg stadar knytt til Nord-Europas første aluminiumsverk. Løypa er 1,2 km lang og har 9 stopp. Det tek om lag 40 minutt å gå inkludert formidling på kvart stopp. I 1907 starta British Aluminium Company det første aluminiumsverket i Nord-Europa her i Stongfjorden. Rundt verket blei det skapt eit vel fungerande og velståande industrisamfunn. Her hadde dei elektrisk gatelys som dei første i landet, og frå 1908 hadde mange hus innlagt straum – 50 år før resten av området. Stongfjorden opparbeidde seg ekspertise på aluminiumsproduksjon som seinare vart nødvendig andre stader i Noreg. Og noko som var sjeldan på den tida - folk herifrå kunne betale for seg med pengar. Folk kom til Stongfjorden for å få del i den nye tida!

Start tur