Avslutt tur

9 Øyra og Kleivasvingen

«Til seters» frå 1860 har henta motiv frå strandlinja i Askvoll, litt lenger inn enn dagens friluftsområde Øyra. Men det ser ut til at kyrne heller er på veg heim frå setra, sidan det er tydeleg at dei vert tekne om bord i båten og skal fraktast heim etter å ha vore på fjellbeite på Askvollhalvøya. Bøndene på andre sia av vika hadde sommarbeite på Askvollsida. Båt eller ferje, som Askevold ofte kallar desse fartøya, vart mykje brukte før grendene her fekk betre samband, då ved at Straumsbrua kom i ca.1880. Vi ser Atløy i bakgrunnen.