Avslutt tur

8 Klokkargarden

Her låg den gamle Klokkargarden på Prestegarden der Anders Askevold vart fødd 1.juledag i 1834. Han var den eldste i ein søskenflokk på ti, der fem av søskena døydde før dei var vaksne. Som eldste son måtte Anders tidleg gjere nytte for seg som gjetar, og har slik fått god kjennskap til livet på ein vestlandsgard og til husdyra der. Han tok også tidleg til å lage skisser og teikne det han såg rundt seg, noko mange tykte var unyttig tidsfordriv. Men Anders held fram med teikne, og fekk oppmuntring både frå foreldra og frå presten i bygda på denne tida Johan Carl Christie. På biletet «Korn på staur» 1857 ser vi at dei dyrka korn i Askvoll! Landskapet er lett å kjenne att, Løfjellet og Askhogen er uforandra.