Avslutt tur

3 Murhuset

Dette huset vart bygt av son til bonden Peter Askevold på Askvoll Øvre, Lars Fritjof. Han var murarmeister og hadde arbeidd i Trondheim og Bergen. Lars hadde to søner som også var murarar. Det vart gjort ei utskifting her i 1906, og huset er bygt omtrent ved dei tider. Det er nytta teglstein frå det nystarta Helle Teglverk, og det er eitt av få hus der steinen er synleg (ikkje pussa over.) Det var syskena til Lars som budde i huset medan dei levde. Av dei var det berre Teodor som gifte seg og fekk barn. Han vart gift med ei kvinne frå Høyvik (Grane). Dotter deira, Dagny, bygde seinare hus på garden.