Avslutt tur

4 Vadestaden

For å få kyrne på beite i Askdalen og i Askvollmarka måtte ein alltid vere budd på å krysse elva. Gjetarane og budeiene var godt kjende med dei beste vadestadane. Her meiner vi å kjenne fjella i bakgrunnen og kan ut frå det finne att staden. «Gjetargut, budeie og kyr» (1860) viser ein mykje brukt vadestad i Askdalen. Her tek folk seg over elva også i dag, men no over ei bru. «Dyr ved vadestaden» (1880)har same, kjende motivet, med fjell ein kan kjenne att. Det skal vere dyr som kjem gåande nedover Askdalen. Det er 20 år mellom desse to bileta.