Avslutt tur

5 Kyrkja

Anders Askevold laga teikningane til denne kyrkja, sjølv om han ikkje var arkitekt. Ho vert gjerne rekna som ei enkel, klassisk kyrkje. Askvollkyrkja vart oppført i ei tid med mykje kyrkjebygging i landet vårt. Ei ny lov sa at kyrkjene skulle ha plass til 3/10 av folket i soknene. Dermed vart dei gamle kyrkjene for tronge, og mange av dei blei rivne og erstatta av nye, liksom her i Askvoll. Anders Askevold har òg måla altartavla i kyrkja. Askvoll hadde ei tømmerkyrkje frå 1604 som vart riven våren 1859. Den første nye kyrkja vart vigsla i november same året, men ho fekk ikkje noko lang levetid. Den 6. mars 1862 slo lynet ned i ho og kyrkja tok til å brenne. Folk arbeidde under dramatiske forhold for å få ut inventaret. Bernt Askevold skriv at ”Kvinder stod udenfor kirken og græd og jamrede sig, fordi de troede, at deres mænd skulde brænde inde, eller at kirketaget og især tårnet kunde falde over dem.” Alle berga seg ut, men kyrkja brann ned til grunnen. Lynavleiaren, som hadde kome frå Bergen eit par dagar før, stod lagra i kjellaren. Folket i Askvoll laut dermed igjen byggje ny kyrkje. Ho kosta meir enn dei fekk utbetalt i forsikringspengar etter brannen, men heldigvis kom det inn ein del gåver. Den noverande kyrkja vart vigsla 13. desember 1863.