Avslutt tur

7 Prestegarden

Denne staden har nok hatt stor betydning for Anders Askevold. Han gjekk på skule her med faren som lærar. Han hadde eit godt tilhøve til prestane som virka her på hans tid. Her var det han rabla på løeveggen til irritasjon for somme, ja dei klaga til presten for at Anders teikna dei. Presten skal ha svara:» Det var nå bra at du kunne kjenne deg igjen» Her fann han også kona si Cathinka Gran som var guvernante for borna i prestegarden. Askvoll har hatt prestegard heilt tilbake i mellomalderen. Opphaveleg heitte garden Kvam, som tyder «liten dal». I tunet på prestegarden stod eit hus som gjekk under namnet «Bispestova». Her kom den første fastskulen i Sunnfjord i 1830. I bygdene elles var omgangsskule vanleg til langt seinare på 1800-talet. Den noverande hovudbygningen på prestegarden vart sett opp i 1905 etter at den gamle vart riven