4 Anglisk kross og Olavskjelda
Denne angliske krossen er over 1000 år gamal. Krossen er sett opp av ein av dei norske kristning kongane i samband med kristninga av Noreg. Plasseringa, som ikkje er tilfeldig, er slik at sola akkurat rekk å lyse opp heile krossen sjølv på årets mørkaste dag , vintersolkverv - 21. desember. Det står om lag 40 slike store, individuelle kross på Vestlandet, frå Sunnmøre til og med Rogaland. Ein finn dei ingen andre stadar i Noreg. Denne krossen er meisla ut i granatglimmerskifer og vart henta frå Kvernsteinsbrota i Hyllestad. Segnet fortel at Olav den Heilage skaut tre piler frå tingvollen, mot sør, nord og aust. Der dei landa sette han opp ein kross. Den tredje krossen skal ha stått aust for kyrkjegarden. Mellom desse krossane er det at Gulatinget sin eldste tingstad var. Frå gamalt av skal det ha vore munkar i området, som skal ha gått i prosesjon rundt krossane to gongar i året for å velsigne avlingane. Nedst i Krossteigen ser du ei “Olavskjelde”. Opphavssegna seier at Heilag Olav drakk her då han var på tinget. Etter at han drakk av kjelda, meinte folk at den hadde helbredande kraft.
Del