6 Steinkjellar
For å drenere innmarka på prestegarden, let Dahl byggje tre underjordiske veiter (grøfter) frå steinmuren og ned til sjøen. “Presteveita” – den lengste – munnar ut nede ved Prestekaia. Veitene har fint oppmurte steinveggar, “taket” er av steinheller, og jordlaget på toppen gav areal som vart nytta som vanleg mark. På gardane i Gulen var det vanleg med ein jordkjellar mura av stein, til kjølig lagring. På prestegarden vart denne kjellaren nytta til lagring av grønsaker og poteter. Ved flyåtak under 2. Verdskrigen var jordkjellaren tilfluktsrom for folk i bygda.
Del