Avslutt tur

7 Kyrkja

Grunnen under Eivindvik kyrkje er rund eller oval slik det var vanleg i mellomalderen. På denne grunnen har det stått kyrkje i alle høve frå 1300 talet, men truleg har det her vore kyrkje frå enno eldre tider. Dagens kyrkje er bygd i 1863 av arkitekt G. A. Bull. Byggmeister for kyrkja var Ole Syslak frå Lindås. Altartavla er malt av Christen Brun frå 1872. Inne i kyrkja står ein døypefont som er hogge i granatglimmerskifer. Døypefonten stod først ved sida av krossen, utanfor kyrkjemuren. Segna seier at då Olav den heilage samla folket for å byggja kyrkje i Eivindvik budde det ein høvding i Virkesdal, ein kjempekar, som heitte Torstein. Bodet frå kongen kom også til han. Det var midt i slåtten og Torstein gjekk og slo då han fekk meldinga frå kongen. Han vart sint og tok så hardt i at ljåen laga store forer i marka. Forene er synlege “den dag i dag”. Stykket der han gjekk og slo heiter framleis “Torsteinslette”. Då meste sinnet hadde gjeve seg, gjekk han til skogs og hogg eit stort tre. Stokken tok han med seg til Eivindvik, og han svor på at om ikkje denne stokken vart nytta til dørstolpe i kyrkja, ville han ikkje gjera eit hogg meir på Olav si kyrkje. Kongen tok med glede imot den prektige stokken som vart tilhogd og innsett som dørstolpe i kyrkja.Tradisjonen vil setje denne dørstolpen i samband med ein stolpe med innhogd T.V. og årstalet 1600, som det hevdast stod i den kyrkja som vart riven for å gje plass til kyrkja som står i dag. Det høyrer også med til ovanfor nemnde segn at kong Olav ikkje kunne like at Torstein, til niste, hadde med seg eit hestelår som han åt av under arbeidet og som han ikkje ville gje slepp på. Alt det kong Olav fortalde om Kvite-Krist let Torstein stå for sitt verd, men at han ikkje skulle få lov til å eta av sitt velsmakande hestelår kunne han ikkje skjøna.