8 Keltisk kross
Dette er ein keltisk kross oppførd på 1000-talet. På same måte som den angliske krossen i Krossteigen bak kommunehuset, var denne krossen meisla ut i granatglimmerskifer og kom frå kvernsteinsbrota i Hyllestad. På baksida av krossen kunne ein sjå eit rundt merke som tyda på ein påbegynt kvernstein. Kan hende fekk steinhoggaren melding om å få fortgang i krossproduksjonen? Krossen vart skada i 2012 då treet du ser restane av innafor kyrkjemurene fall ned på den. Ulukka skjedde tragisk nok då treet skulle fjernast kontrollert - nettopp for at det ikkje skulle falle ned på krossen i ein storm. Riksantikvaren beslutta etter sterkt ønskje frå Gulen kommune at krossen skulle reparerast så langt som råd, og tilbakeførast til Eivindvik på plassen den alltid har stått. Arkeologisk Museum i Stavanger hatt det ansvarsfulle arbeidet med å lage den tekniske løysinga for at krossen kunne settast opp att der den sto. Krossen er sett opp att på same stad som tidlegare, men støtta opp av stålkonstruksjonen som er fundamentert 1.35 m ned i bakken. Her er nederste delen av krossen støypt fast, medan øverste delen av krossen vert halde i posisjon over søyla ved hjelp av konstruksjon der krossdelen «kvilar» i tilpassa bøyler. Det er difor tydeleg at noko alvorleg har hendt med krossen. Olavkrossen er ikkje åleine om å ha blitt utsett for skade. Rundt Nordsjøen er det mange ulike krossar som opp gjennom tida har fått skader. Men dei står likevel i landskapet der dei alltid har stått, fordi det er der dei har ein betydning. Likeeins med Olavskrossen. Den står der den blei satt opp av ein av kristningskongane våre på 1000 talet, og skada frå 2012 er no ein del av Olavskrossen si histore. Vi gler oss over at Olavskrossen har vendt heim og er sett opp der den har stått i tusen år. Lat oss vone at den får stå i minst tusen år framover, og vitne om den mektige historia som har gått føre seg i Gulen.
Del