4 Eldsirkelen
Kunstverka på Tusenårsstaden Gulatinget er skapt av bilethoggaren Bård Breivik. Dei består av den monumentale Tingveggen, Eldsirkelen og Tinghella. I tillegg er det kjøpt inn fem ”Lovmenn”. Ein er sett opp ved hovudvegen overfor Tusenårsstaden. Det er planar om å sette opp dei resterande lovmennene i leia inn til Gulatinget. Kunstverka er laga i lys granitt frå Yantai-provinsen i Kina. Du står no ved Eldsirkelen. Her kan ein fyre opp bål og varme seg når det er arrangement på Tusenårsstaden Gulatinget. Akkurat slik ein tenker seg at det vart gjort på tinget i mellomalderen og i vikingtida.
Del