5 Tingveggen
Hovudkunstverket er den majestetiske ”Tingveggen” med dei fint hogde relieffa. Her kan ein få auge på både kors og sverd, som peikar mot innføringa av kristendommen. Men Tingveggen kan bety ulike ting for ulike mennesker. Kva fortel den deg ? Gulatingslova er den eldste bevarte lovsamlinga i Norden. Lovene vart først framført munnleg, og seinare skrive ned. Den eldste Gulatingslova er inndelt i ”bolkar” med ulike tema. Den er skrive ned i andre halvdel av 1000talet. Berre fragment er bevart av denne eldste versjonen. Ein yngre versjon av lovsamlinga (frå ca. 1250) forsvann – truleg under unionstida med Danmark - ut av landet, og hamna i privat eige hjå den danske familien Rantzau. Denne lovsamlinga har fått namnet Codex Rantzauvianus, også kalla ”Rantzauboka”, og er i dag bevart i Handskriftssamlinga i det Kongelege Biblioteket i København. Gulatingslova er unik i Europeisk samanheng fordi den gav bøndene stor grad av sjølvstyre. Den er også spesiell som handskift frå denne tida fordi den er skrive på norrønt og ikkje latin som var vanleg på denne tida. Lover og prinsipp frå Gulatingslova finn vi att i Grunnlova av 1814, til dømes Odelsloven, Allemannsretten, at all makt er samla hos kongen i statsråd, arverekkja for kongen m.v.
Del