6 Tinghella
”Tinghella” er utforma som ei scene eller forhøgning i landskapet. Tinghella er 21,6 x 7,6 meter og er teken ut ei eitt stykke! Om du går opp på den vil du sjå ei marmoråre som går gjennom heile steinen frå vest til aust. Slike store flater med rett granitt har vi ikkje i Noreg. Steinen vart delt opp for å kunne transporterast til Noreg. Kva handla Gulatingslova om? Den første bolken i Gulatingslova handlar om «kristenretten». «Olavs-teksten» fastset m.a. reglar for kristen åtferd og ytingar til kyrkja. Etter denne «kristenretten» skulle tinget opnast ved at utsendingane bøygde seg mot solrenninga i aust - i staden for mot nord, slik ein gjorde i heidensk tid. Deler av lova har form som ei kontrakt mellom tingmennene på den eine sida og kongen og kyrkja på den andre, med ytingar og motytingar som er fastsette etter forhandlingar på tinget. Dette gjeld m.a. ytingane til militærstell og landsvern, og korleis kongen og hans sendemenn skal skjøtte oppgåvene sine. Men det meste av lovtekstane omhandlar likevel den praktiske kvardagen i det norske bondesamfunnet i mellomalderen: Korleis dei skulle løyse økonomiske tvistesaker, reglar for ekteskap, trælehald og trælefrigjeving, jordleige og jordbruksdrift, arv og odel, sosial lagdeling, skade på liv og eigedom og tjuveri. Denne delen av «Gulatings-lag» var basert på eit sett nedarva, uskrivne reglar for skikk og bruk. På juristspråket kallast slike rettsreglar for «sedvanerett». I «Magnus-teksten» er det også fastsett reglar for den norske tronfylgja.
Del