Avslutt tur

8 Holmgang

Ser du den vesle holmen mot sørvest? Den vert kalla Timberøyna. Lokal segntradisjon fortel at her gjekk folk i «Holmgang» medan dei var på tinget. Holmgang er ein norrøn form for duell, der ein sloss til første blodsdråpe, eller døden. Det var mogleg å overgje seg, men dette var sett på som umandig etter den tiden sine normer. Holmgang er nevnt fleire gangar i sagalitteraturen, og den mest kjende er då Egil Skallagrimsson stevna Atle Skamme til Gulatinget over eit eigedomskrav som du kan lese om i Egil Skallagrimssons saga. Atle tok utfordringa, men når dei kom til tings utfordra Egil Atle til heller å avgjere saka ved holmgang, og at den som vann tok godset. Som sagt så gjort, og dei to gjekk i holm og førebudde seg på kamp. Det blei leigd fram eit «blotnaut» - ein stor graokse. Den skulle vinnaren av holmgangen hogge etter dysten, fortel Snorre. Egil og Atle var jamnbyrdige og det blei ein lang kamp med sverd og skjold. Til slutt skjøna Egil at dette gjekk ikkje, for skjoldet hans var begynt å bli heilt ubrukeleg: «Han heiv då frå seg både skjold og sverd, og sprang innpå Atle og hogg nevene i han. No vart Atle for lett; han falt att og bak, og Egil hukte seg ned og beit av kverken på han. Dermed var det ute med Atle. Egil spratt opp og løp der blotsnautet sto, greip det med eine handa om mulen, med den andre i hornet, og vrei til så føtene sto til værs og halsbeinet rauk. Deretter gikk Egil dit følgjet hans sto og kvad. Det er ingenting nevnt om at noko anna merkeleg hendte på dette tinget», avslutter sagaen.