Avslutt tur

3 Grunnmuren til "Brakka"

Her ser du berre nokon skarve grunnmurar, men når eg var ung så var det her det skjedde! Her var det liv og røre! Bygningen som sto her kalla me «Brakka» – det var ungdomshuset vårt. Åh, eg har masse gode minner om denne staden! Kvar laurdagskveld var det dansefest, musikarar spelte og me hadde det grådig moro! Brakka hadde jo veldig tynne veggar og det var iskaldt om vinteren. Me hadde juletrefester her og, eg hugsar korleis veggane etter kvart vart heilt våte når dei tinte opp… Dette var jo rett etter krigen og folk ville så gjerne nyte livet igjen og ha det gøy! Under krigen var ikkje dette mogleg, då herska ei heilt anna stemning. Eg sjølv har jo ikkje opplevd krigen men dei vaksne snakka kvar einaste dag om det når eg var lita. Eg hugsar ei historie eg blei fortald mange gonger: Far min var drosjesjåfør og hadde ein av dei få bilane i bygda. Og då hendte det under krigen at tyskarane henta han inn fordi dei trengte bilen. Pappa måtte berre bli med og så var han borte i to døgn – utan at mamma ante kor han var. Men så hadde han alltid hunden vår med seg, Sonja, ein flott schæfer. Supert dressert! Far min vegra seg for å bli med tyskarane utan hunden. Den var tryggleiken hans på ein måte. Tyskarane likte det ikkje, men dei måtte akseptere det. Dei hadde faktisk stor respekt for hunden. Det heile var veldig skummelt og det skjedde faktisk fleire gonger at far vart beordra på køyreoppdrag, men alltid var hunden med han. Forteljingane frå krigen – dei gjorde stort inntrykk på meg. Når eg var 10 år, i 1956, då høyrde me på radioen at det var revolusjon i Ungarn. Guri malla! Kor redd eg vart for at det no skulle bli krig att – også her hjå oss. Eg fekk ikkje sove om natta og forstod ikkje i det heile kvifor mamma og pappa ikkje var meir bekymra.