4 Gamleskulen
Her oppe står den gamle skulen min. Her har eg gått 7 år på skule. Rett fram, det raude vesle huset, det er utedoen. Jentedo var til venstre, guttedo i midten og læraren sin til høgre. Her var det jo ikkje innlagt vatn den gong. Når me var tørste så sprang me i friminuttet eit stykke ned vegen til ein liten bekk for å drikke. Når du etterpå fortset på turen går du forbi der. Den første som kom til skulen grytidleg var alltid Lisa. Ho jobba som vaskedame og henta vaskevatnet i same bekken. Tunge bøtter måtte ho slepe opp til skulen. Og om vinteren fyrte ho opp i omnen slik at det var godt og varmt i skulestova når me ungane kom. Læraren vår heitte Olav Nornes og budde rett nedanfor skulen. Nornesen var lærar på Hyllestad i mange, mange år. Eg likte han godt. Han var høgreist med stort kvitt hår. Han brukte skrå og i friminuttet røykte han pipe. Når han lo, så lo han ikkje berre, nei, han skratta! Rekning, historie og geografi, det var yndlingsfaga hans. Eg hugsar godt korleis han i geografitimane sa: No skal me ta på oss tryllehatten for no skal me dra ut i verda! Når skulen var slutt gjekk me straks ut av skulegarden. No hadde ikkje læraren lenger kontroll. No kunne små og store konflikter oss ungane i mellom få fritt spelerom. Hugsar ein gong me jentene bestemte oss for at gutane skulle få svi! Me stilte oss opp langs skulevegen og venta på dei. Når dei kom begynte me først med å kjefte på dei. Skikkeleg stygg kjefting! Etter ein stund blei det røffare og til slutt enda me opp i regelrett slåsskamp. Eg hugsa korleis eg sprang etter Bjarne , ein gut som var like gamal og sterk som meg. Eg hadde fått tak i ei lork, ein råten stokk, og slo den med full kraft midt i hovudet til Bjarne slik at lorken gjekk i tusen bitar… Seinare på dagen fekk då mamma og pappa besøk av Bjarne og nokre naboungar. Dei klaga på at eg hadde prylt opp Bjarne… Eg vart jo sjølvsagt forhøyrd, men foreldra mine såg vel at det gjerne var fleire sider i saka, så det vart ikkje snakk om straff… Og kampane fortsatte og me var like langt. Du ser, det gjekk føre seg ganske dramatiske ting i barneflokken den gangen for 60 år sida, akkurat her kor du går no i dag!
Del