5 Utsiktspunkt
Her ser du det som var Hyllestad sentrum heilt fram til 1970-talet. Her var alt me trengde: Butikk, post, bank, helsesøster, på torsdag var det legekontor og så hadde me telefonstasjon og dampskipskaia. Det store raude huset nede ved kaia, det er barndomsheimen min. Her vart eg født! Og her budde mamma og pappa heilt fram til dei døydde. Det huset er frå 1911 og opphavleg var det lensmannsbolig med kontor. I tilknyting til det var det arrestcelle i kjellaren. Seinare var det bank i huset ei tid… og no er det søstra mi som eig huset. Besteforeldra mine dreiv butikken, det kvite huset på høgre sida av vegen rett her framme. Når eg var 10 år gamal begynte mamma å jobbe i butikken og då måtte eg og søstra mi hjelpe til. Vårt ansvar var husarbeidet heime. Butikken, det var ein assortert landhandel som det heitte den gongen. Du kunne få alt du trengde av verktøy, utstyr og matvarer. Det var ikkje kjøleskap eller fryseboks den gangen så det gjekk jo ikkje i ferskvarer, men berre i hermetikk og salta og tørka varer. Godteri selde me sjølvsagt også: Lakris og karameller for eksempel. Eg likte best karameller. Dei vart oppbevarte i eit stort glas og vart nøye talde. Kvar seld karamell vart notert med ein strek. Viss det mangla ei så var det klart kven som hadde teke den… sa broren min…. Ein gong hende det noko frykteleg nifst: Ei natt rasa heile vegen ned – rett her me står no. Stein, jord og tre låg i eitt kaos heilt nede i krysset. Eg vart så redd! Tenk at noko så dramatisk hadde skjedd rett her kor me budde – i mi trygge verd. Eg hugsar korleis dei vaksne bar oss over raset slik at me kunne fortsette på skulevegen. I mange månader etterpå måtte me bruke omvegen til skulen. Eg hadde mareritt i lang tid etterpå.
Del