6 Hyllestad gamle kyrkjegard
Her var ein veldig viktig plass i min barndom! Her leika me masse. Det var mange murar og hus her den gongen som me kunne gøyme oss bak. Bak muren me ser no i dag er den gamle kyrkjegarden, og i det kvite huset var det postkontor og butikk. Den gamle kyrkjegarden er heilt frå mellomalderen og før i tida sto ei lita kyrkje her. Den kyrkja vart i minste laget, så også med gravplassen, difor vart det i 1880 bygd ei ny kyrkje på Myklebust. Det er den kyrkja som står i dag og som du ser litt seinare på denne turen. Den gamle kyrkja her vart riven. Posten, den kom tre gonger i veka med båt. Det kom aviser, det kom brev, pakkar, rekningar og postkort. Alt kom den vegen, veit du. Båten var vår forbindelse til den ytre verda. Postmannen Ludvig og kona henta posten om føremiddagen når båten kom. Om ettermiddagen før den gjekk frakta dei ned att store, svære vesker med det som skulle sendast. Dei brukte ei vogn til å trille sekkane med pakkar i. Veldig viktig var telefonstasjonen som låg litt lengre oppe. På 1950-talet hadde jo nesten ingen telefon, så dei fleste måtte bruke telefonstasjonen når dei ville ringe nokon. Det var to systre som heitte Sofia og Maria som drev stasjonen. Dei var ugifte og dei var eit begrep her i bygda. Sofia og Maria! Ein nemnde aldri den eine utan den andre. Dei blanda seg ikkje så mykje med folk. Sofia var ei heller streng dame, det var alltid ho som var ute og handla. Maria var mjukare, ho hadde ein form for skavank som gjorde at ho hadde litt vanskeleg for å gå. Ho heldt seg mest heime. Eg hugsa at eg ein gong hjelpte Maria på telefonstasjonen fordi Sofia var sjuk. Då vart eg litt betre kjent med ho. Ho var so flink med naboungane som kom på besøk. Ho leikte rollespel med dei og spelte på orgel. Så hadde dei også ein hest som dei stelte så godt med! Når den var forkjøla fekk den kamferdrops og eit kvitt og blått skjerf rundt halsen…. Nei, Sofia og Maria hadde alle stor respekt for; der gjorde me ungane aldri fantestrekar!
Del