1 Amtskaia
Namnet Kalvåg tyder ein våg der isen legg seg. Det var det rike vintersildefisket som sette fart i utviklinga av Kalvåg. Fisket var særskilt rikt mellom 1850 og 1870, og igjen ca. 100 år seinare. Det seiast at det var ein stad mellom 7000 og 11000 fiskarar samla ved Frøya og Kalvåg i slutten av 1860 - åra. Kalvåg låg i den nordlege delen av dei rike vintersildefiska og i den sørlege delen av dei gode torskefiska, og vart dermed ein høveleg stad der silda kunne leverast og saltast. Dessutan var det også ei god hamn her for seglfartøya som frakta saltsild til marknaden. Denne gode hamna var ein avgjerande føresetnad for at fiskeveret og tettstaden Kalvåg vaks fram. Etter kvart kom det og meir aktivitet på land rundt vågen. Det vart sett opp buer med salteri, sjøhus og budstadshus. Ei oppteljing frå 1871 syner at det då var 52 sildesalteri i Kalvåg. Etter kvart vart det også eit yrande liv med dampskipstopp, diverse landhandlarar og postkontor. Dampskipskaia Stoppestaden for dampskipa vart flytta frå Smørhamn Handelstad til Kalvåg, truleg rundt tida då bygda fekk postkontor i 1861. Eit sitat frå den dåverande prest, pastor Koren, datert 11.juni 1869 fortel oss korleis dette kunne opplevast: “(...) kom dampskibet om ettermiddagen (torsdag) efter den nye rute og medbragte Kristiania-aviser saa ferske som tirsdag i samme uge. Det gaar fort nu i vore dage” Sjølve dampskipskaia vart ferdig kring 1886 og Knutsenhuset vart seinare dampskipsekspedisjon. Knutsenhuset var tidligare ei sjøbu som vart flytta frå nordsida av Kalvøya til noverande stad omkring 1890 og satt opp som handel- og ekspedisjonslokale. Huset har i tillegg til dampskipsekspedisjon også vore sildekontor og butikk. I dag er bygget stort sett nytta til bustad, og i første etasje kan ein finne kyrkjekontor, lensmannskontor og turistinformasjon. Frøyenhuset vart bygd i 1907. Her har det vore landhandel, bakeri og fiskeforretning, drive av Johs. Frøyen. I 1943 tok sønene Jørgen og Sigmund over drifta etter faren. I februar 1985 vart Frøyenhuset kjøpt av Svein Inge Fosse, og det vart laga til butikk i første etasje, fem rom til utleige i andre etasje og kafé i tredje etasje, kjent som Kafé Vest. I dag er det hotellrom i dei øvste etasjane og selskapslokale og møterom i første etasje. Bremanger Spareforening var opprinneleg eit selskap som dreiv landhandel, bakeri og fiskeeksport i Kalvåg. Spareforeninga var som dagens Coop - når året var omme fekk kundane sin rettvise del av overskotet betalt tilbake. Bygget som i dag ber namnet vart bygd i 1908 og drive av selskapet fram til bygget vart kjøpt opp av Paul Fosse i 1958. Han heldt fram med landhandel og bakeri. I 1990 vart bygget totalrenovert og vart kort tid etter teke i bruk som overnattingstad.
Del