2 Røysbutikken
Bygget du ser her vert kalla “Røysbutikken” etter etablerar Audun Røys. Huset vart bygd i 1954 fordi det var blitt for smått og trangt der butikken var tidlegare, Den nye butikken var med sine tre ekspedisjonsdiskar, tre glasdiskar og ein liten frysedisk, topp moderne for si tid. Sjølv om butikken var ny var det framleis slik at kundane stilte seg framfor disken, sa kva dei ville ha og personen bak disken måtte springe og hente varene, vere seg på lageret, loftet, bua og liknande. Det var heller ikkje reint lite folk kunne få kjøpt. For i tillegg til daglegvarer som mjølk og brød kunne ein også få tak i alt frå koks og kol, spiker og skruar, til blomstra tøy og finare undertøy til damene. Huset vart påbygt i 1978 med omlegging til full sjølvbetjening. Etter at matvarebutikken flytta ned på Amtskaia i 2002 vart huset bygt om, og har sidan husa Galleri Frøya, garnbutikk, gåvebutikk og ein butikk for husdekor. I dag er det Galleri Frøya og Frøyen Handel som er i lokala.
Del