7 Vamråkbua
Vamråk Sildesalteri vart etablert i 1919 av Albert Vamråk, bua er frå 1892 og var eitt av dei to største sildesalteria i Kalvåg. Det andre var Hovden Sildesalteri, som også låg på Kalvøya, men denne bua måtte vike plass då anlegget til Domstein vart bygd. Den låg der vestre delen av Pelagia ligg i dag. Vamråk sildesalteri leverte i si storheitstid på 1950- og 1960-talet spekesild til både Russland, Tyskland, USA og Sverige, men etterkvart som tilgangen på sild vart mindre vart også produksjonen på salteria mindre. Det var ikkje bru og veg over til Kalvøya før i 1953, 1/3 av kostnaden til brua vart betalt av dei ulike sildesalteria på øya. Før dette måtte arbeidskrafta fraktast fram og tilbake over vågen. Først i robåtar, seinare med motorbåtar. På Vamråk var det også losji for tilreisande arbeidskraft. Dette var hovudsakleg når menn frå Kalvåg sjølve var ute på sildefiske om vintrane. Då besto arbeidskrafta av lokale kvinner og tilreisande menn frå Gaular og Fjaler. Desse hadde då losji i andre og tredje høgd i salteriet. Vamråk var også den første bua på Kalvøya til å by arbeidsfolket sitt på innebygde og oppvarma lokale då dei i 1956 kledde opp eine lokalet, la tregolv over sementen og la inn lys. I dag er produksjonen lagt ned og lokala er tatt over av Kystmuseet i Florø, men bua står framleis i dag som eit industrihistorisk minnesmerke. Sildesaltinga er heller ikkje den einaste industrien som har prega Kalvøya. I 1962 flytta verksemda Totland Mekaniske Verksted AS produksjonen sin til Kalvøya, og byrja med produksjon av ein automatisk dørstokk. Dette vart gjort i eit nytt industribygg på 400 kvm, i 1975 utvida dei med ein ny sveisehall på 400 kvm, dette i forbindelse med ein produksjonsavtale med Bremanger Smelteverk på røyr og jernkonstruksjonar. I 1982 vart det sett i gang produksjon av silograsspreiar, som vert nytta til å spreie og jamne graset ved innlegging i silo. Produksjonen av automatiske dørstokkar kan seiast å ha vore vellukka, då det vart produsert 750 000 i løpet av 40 år. I 2006, etter 90 år med industrihistorie, vart Totland Mekaniske Verksted lagt ned og produksjonen av dei automatiske dørstokkane vart ført over til Florø-verksemda Vestnes Produkt AS. Bygget vart kjøpt av Kalvåg Utvikling og vart lenge brukt som lager, men i dag har verksemdene Hydraulikk og Motor og Kalvåg Multi Service flytta inn. I dag er det lite att av den gamle Kalvøya, men den ber til gjengjeld tydeleg preg av industrien som har vore med på å bygge opp Kalvåg. Kalvøya er i dag hovudsete for fiskeindustrien, med verksemdene Pelagia og Brødrene Larsen eftf. Brødrene Larsen held gamle tradisjonar i hevd og foredlar eit stort utval av fisk, og dei tek i mot det meste fiskarane kjem med. Det vere seg ulike kvitfisk og skalldyr som sjøkreps, krabbe og hummar i sesongane. Pelagia på si side produserer ulike produkt av sild. Kalvøya og Kalvåg har kome langt sidan starten på bygda og utviklinga har og er framleis tett knytt til fiskeindustrien. Sjølv om også andre næringar, då særskilt turistnæringa, også er komen for å bli.
Del