Avslutt tur

6 Lisetbua

Ein ting som ein kan leggje merke til, som ein ser godt her borte, er at dei fleste buene på nordsida av vågen ligg med møneretninga mot sjøen, medan på denne sida av vågen ligg buene med møneretninga langs “stranda”. Dette er nemnt i “Estetisk plan for Kalvåg”, men det er ikkje nemnt kvifor det er slik. Lisetbua er ei samansett sjøbu som er bygd i fleire etappar tidleg på 1900-talet. Bua vart drive av Liset brødrene og vart donert til Kystmuseet i Florø i 1992 etter deira død. Bua representerer eit tverrsnitt av næringsverksemda i Kalvåg. Her har det vore landbase for eit fiskelag, lager for fiskebruk og saltebu for sild og fisk. Dessutan har det også vore trandamperi, snikkarverkstad, bøkkerverkstad, losji for tilreisande fiskarar, og her har også vore anlegg for hermetisk nedlegging av krabbe.